Gå til hovedinnhold

Kommuneplanens samfunnsdel

Samfunnsdelen av kommuneplanen viser visjon, mål og strategi for ønska samfunnsutvikling. Plan- og bygningsloven pålegg alle kommunar å ha ein kommuneplan som består av samfunnsdel, arealdel og handlingsdel. Føringane i samfunnsdelen skal følgast opp gjennom den øvrige planlegginga i kommunen.  

Verktøy for heilskapleg samfunnsplanlegging

Samfunnsdelen er verktøyet for heilskapleg planlegging,  og legg til rette for samarbeid og heilskapleg utvikling av kommunesamfunnet. Den dekker både kommunesamfunnet og kommunen som organisasjon. Samfunnsdelen skal synleggjere dei strategiske vala for samfunnsutviklinga i kommunen, og vise korleis kommunen arbeider med overordna omsyn som folkehelse, barn og unge, klima og miljø, integrering og næringsinteresser. Samfunnsdelen er sentral for å samordne kommunen si eiga verksemd, og kan legge grunnlag for samarbeid på tvers av sektorar i kommunen.

Verktøy for strategisk styring

I samfunnsdelen viser kommunestyret kva mål og strategiar dei meiner skal ligge til grunn for den langsiktige utviklinga av kommunen som organisasjon og kommunesamfunnet.

Dei overordna føringane i samfunnsdelen blir konkretiserte i handlingsdelen, som kan knytast til økonomiplanen. Ei god kopling mellom samfunnsdelen med handlingsdel og kommunen sitt økonomiske styringssystem legg til rette for at overordna mål og strategiar blir følgt opp gjennom praktisk handling. Slik er samfunnsdelen eit verktøy for strategisk styring av kommunen.

Styrkar medverknad og politisk styring

Det er kommunestyret som vedtek kommuneplanen.  

For at folkevalde skal kunne bruke samfunnsdelen som styringsverktøy må dei ha god kunnskap om planlegging og om kommunen. Det må vere enkelt å sjå den logiske samanhengen mellom samfunnsdelen som overordna styringsverktøy og den praktiske politikken i økonomiplan og vedtak. Administrasjonen sin jobb er viktig for å legge til rette for dette.  

Plan- og bygningsloven set krav til medverknad i planprosessen. Innbyggarar, statlege og regionale styresmakter er viktige bidragsytarar i planarbeidet. Innspel frå desse aktørane er særlig relevant i utforming av kunnskapsgrunnlaget, der dei vil kunne supplere statistikk og anna offentleg tilgengeleg kunnskap om kommunesamfunnet. I tillegg kan medverknad frå kommunesamfunnet vere viktig for å identifisere gode strategar for å følgje opp overordna mål, og spesielt når handlingsdelen skal fyllast med konkret innhald. Om kommunen klarar å mobilisere innbyggarar og næringsliv i utvikling av planen, kan det føre til at det blir lettare å gjennomføre planen. Dette gjeld spesielt i distriktskommunar der samarbeid mellom kommune, næringsliv og frivilligheit er spesielt viktig for å realisere utvikling.

Les meir i departementets sin rettleiar i sammfunnsdelen og handlingsdelen og på KS si temaside om samfunnsplanlegging.